Aktuelt

VEGARD ER ÅRETS BRANNMANN!

GRATULERER MED DAGEN VEGARD BORGEN! og med ein usedvanleg sterk innpurt og suveren siger med 54 poeng i konkurransen! På like klar 2.plass figurerer Steinar Erstad; - ein av dei som har vore med i samtlige konkurransar sidan 1985. Velfortent slitemedalje og 51 poeng. På ein knepen 3.plass kom Geir Follesø; - og då med god hjelp av Kim Ojo kan vi vel seie! 47 poeng til Geir, 1 poeng foran hovudfeltet er akkurat nok det! Asbjørn Sæther vann jumbolodda, men er vel likevel mest glad for bronsemedaljen som RBK rappa foran nasa på Brann. Lasse sørger for at de får ei skrapande fin inngang på adventstida! Måtte de skrape dykk til storgevinsten!

Tippekonkurransen har vore jamn og gøy og eg nyttar høve til å takka Erlend for at han orkar legge alt til rette for oss som er med i denne uhøgtidelege konkurransen, som jo er til "berre for moro skuld".

Neste år skal Brann knuse Aalesund, om så det er det einaste dei gjer godt i den sesongen.

Ynskjer dykk alle ei god adventstid og ei fredfull jolehøgtid!